Merkesteinane.
Dei som alltid har vore der
Merkesteinane
Dei som ber historia vår
Dei som kan seia: Hugsar du
og så hugsar vi
Desse som sto der på vegen vår
som korrektiv
Som vi målte krefter mot
og kom heim til
Desse som var rammene
om liva våre
Dei blir borte no
Ein etter ein tar dei farvel
Og vi står fortumla att
i uventa einsemd
Overraska over
kor viktige dei var
Bente Bratlund Mæland
Takk far