Det var så fint å vere med deg nokre dagar på Høye etter påske. Då fekk vi snakka godt saman, du leita etter orda, men dei kom no etter kvart. Eg laga middag to dagar medan vi var på besøk. Du åt skikkeleg mykje begge dagane. Det gleda meg. Trur du fekk ei flott veke på Høye med masse besøk av dei nærmaste. Det er eg veldig for. Og eg fekk gitt deg ein god klem før eg reiste heimover!
Me var «alltid saman» då me var små, du var ei nær søster i oppvekst og ungdomstid. Takk for gode minne. Så fekk du familie og 4 flotte ungar. Du rakk det meste i denne travle tida. Du har hatt fleire yrke, du er mangfoldig og kunnskapsrik, alltid har du hatt pågangsmot og vilje til å læra noko nytt. Imponerande! Ditt pågangsmot gjev styrke til andre.
På Høye har entusiasmen din resultert i ein flott hage. Me vil minnast deg når me er på Høye.
Gleda di over litteratur, handarbeid, hagearbeid og matlaging har vore viktig for deg. Heilt til det siste hadde du mange planar for kva du ville gjera.
Takk, kjære søster for alt du var.. Tomrommet er stort, me saknar deg.
Kjære nydelige tante Jørgine. Det er så trist at du ikke skulle få være med videre i dette livet. Barna og barnebarna dine skulle fått lov å ha deg i livet sitt i mange flere år. Jeg skulle så gjerne sett at du fikk mange fine år på Høye, men sånn ble det ikke. Jeg tar med deg videre i mitt hjerte kjære Jørgine.
https://m.youtube.com/watchv=C7oiWbA6hDc
Du var midt i livet, full av livsmot og livsglede!
Du ville så mye, dyrke dine kunstneriske evner, skape mye fint i husflid og blomster, reise og nyte livet, være mormor og farmor!
Jeg savner deg sårt, kjære Jørgine!
Med dypeste medfølelse til barn, svigerbarn og barnebarn!